Hopp til innhold

Ullsrennet 05. januar

Lite snø på Tua gjer at Tuarennet vert flytta til 19. januar, medan Ullsrennet vert avvikla på Ullsheim søndag 05. januar.

Dermed kan Markane IL endeleg ynskje velkommen til lokal sesongopning i langrenn til helga.

For øvrig kan Markane IL rapportere om gode skiforhold i trasèane rundt Ullsheim. Og rennleiar Nils Heggdal seier han er trygg på at ein no endeleg skal komme i gang med den lokale konkurransesesongen.

- Skiforholda på Ullsheim er gode, og m.o.t. vèrmeldingane fram mot helga så er eg viss på at vi får til eit optimalt skirenn på søndag, seier rennleiaren.

For orden skuld kan ein legge til at Tuarennet opphaveleg skulle avviklast søndag 05. januar med Eid IL som arrangør, medan Ullsrennet var terminfesta søndag 19. januar.

Informasjon og påmelding - Ullsrennet 05. januar 2014

Oppdatert Terminliste Langrenn 2013-2014

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde