Hopp til innhold

Sterkt løp av Evjestad

IL Bjørn sin Hallvard S. Evjestad dokumenterte god form under dagens 10 km klassisk på Lygna.

Evjestad gjekk inn til ein sterk 3. plass i seniorklassa, og var med det ca. 30 sekund bak vinnaren Stian Hoelgård frå Gjesdal IL

Også førde-løparen Martin Hegrenes viste at forma er på veg, og kom i mål på ein oppløftande 22. plass.

Blant damene er det verdt å merke seg at bjørn-jenta Bertine T. Lefdal til slutt enda som nummer 8 i klasse K18 år.

Andre lokale resultat;
Lygnarennet 2013/ Mønstringsrenn til Junior VM

- Johannes Lund (Kaupanger IL), nr. 47, kl. M19/20 år
- Roger Øye Pollen (Førde IL), nr. 56, kl. M19/20 år
- Ole Martin Erdal (Førde IL), nr. 37, kl. M senior,

Resultatliste, laurdag 14. desember 2013

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde