Hopp til innhold

Vinnarar Ribberennet 2012; Bertine T. Lefdal (IL Bjørn) og Gjøran Tefre (Førde IL).

Ribberennet er avlyst

Etter nærare vurdringar i ettermiddag har juryen beslutta at årets Ribberenn på Langeland 2. juledag vert avlyst.

Oppdatert info. 25.12.2013, kl. 16.30
Kombinasjonen av marginale snøforhold og meldingar om mykje nedbør i form av regn gjer at årets Ribberenn vert avlyst, det opplyser løypesjef Ole Johan Hegrenes.

- Vi trudde i det lengste at vi skulle oppretthalde tradisjonen med Ribberennet 2. juledag, men forholda er rett og slett for vanskelege. Difor har vi ikkje noko anna val enn å avlyse seier Hegrenes.

Skikrinsen minner elles om at det kommande laurdag er klart for sprintstafett i Vik. Og skikrinsen oppmodar alle langrennsløparar om å ta turen til Vik Skisenter for opning av den lokale konkurransesesongen i langrenn.

Informasjon Vikjasprinten 2013.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde