Hopp til innhold

Her kan du gå på ski

Til tross for mildveret den siste tida kan ein fortsatt spenne på seg skia i fleire skianlegg i Sogn og Fjordane.

Ullsheim Skisenter, Stryn
I området rundt arenaen på Ullsheim er det byrja å skrante på snøen, men i turløypenettet rapporterar Arvid Hatledal om fine langrennsforhold.

Hodlekve Skisenter, Sogndal
I Hodlekve Skisenter rapporterar ein om gode skiforhold for både friteknikk og klassisk.

Leirdalen Skisenter, Gaupne
I Leirdalen Skisenter blir det rapportert om gode skiforhold for både friteknikk og klassisk.

Om du ynskjer å køyre alpint må du anten til Hodlekve Skisenter eller til Sogn Skisenter. Les meir om alpinanlegga på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde