Hopp til innhold

Gode resultat på Geilo

Alpinistane Kari Hole (Førde IL), Åge Solheim (Haugen IL) og Ivar F. Nordhaug (Førde IL) gjorde sine saker svært godt under FIS-renna på Geilo i helga.

I storslalomkonkurransen torsdag køyrde Kari ned til ein tredjelass, medan ho i slalomkonkurransane enda som som høvesvis nummer 7 og 4 laurdag og søndag.

Haugen-løparen Åge Solheim var den som gjorde det skarpast av herrane, då han til slutt enda som nummer 12 i storslalomkonkurransen torsdag. Det er også verdt å merke seg at førde-alpinisten Ivar Fugle Nordhaug vart nummer 19 i same konkurranse.

Lokale resultat - FIS Geilo 05.-08. desember 2013

Utøvar Klubb  05.12/GS 07.12/SL 08.12/SL
Samson Aas Wie Førde IL Nr. 89/340.69 DNF1 Nr. 67/161.90
Kristine Nygård Førde IL Nr. 36/142.87 DNF2 Nr. 31/141.56
Ivar F. Nordhaug Førde IL Nr. 19/45.38 Nr. 53/95.19 Nr. 42/63.72
Edvin Sårheim BBIL Nr. 80/199.52 Nr. 68/154.85 Nr. 63/128.73
Åge Solheim Haugen IL Nr. 12/43.52 DNF Nr. 26/51.24
Mats Engeland Haugen IL DNF1 DNF1 DNF1
Kari Hole Førde Nr. 3/51.33 Nr. 7/48.06 Nr. 4/49.64
Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde