Hopp til innhold

Debuterte i World Cup

Telemarkutøvaren Sarah F. Haugen (Luster Telemarkklubb) debuterte med åttandeplass i World Cup.

Verdscupsirkuset starta i helga med tre renn i Austerrike. Sarah Fiskaa Haugen var yngste utøvar i den norske troppen.

– Vi hadde ingen forventingar om at ho skulle hevde seg, men ville at ho skulle få prøvd seg og få erfaring å bygge vidare på gjennom vinteren. No veit ho kva som krevst, seier sportssjef Jo Mork til NRK Sogn og Fjordane.

Hovudpersonen sjølv er storveges nøgd med debuten i det store utland. Senior blir ho først som 21-åring.

– Til NRK seier sognejenta at ho køyrde  over forventingane i første rennet, men at det ikkje gjekk like bra i dei to neste.

Les heile saka på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde