Hopp til innhold

Bjønnastarten er avlyst

Svært usikre snøforhold i Leirdalen gjer at Bjønnastarten 2013 er avlyst. Bjønnastarten skulle opphaveleg avviklast laurdag 07. desember.

Bjønnastarten markerar vanlegvis at den lokale langrennssesongen er i gang. Men med bakgrunn i usikre snøtilhøve og vèrprognosane fram mot helga, har IL Bjørn valt å avlyse arrangementet.

Det kan elles vere aktuelt å setje opp eit erstatningsrenn 14. eller 15. desember. Dersom dette vert aktuelt kjem ein tilbake med nærare informasjon om arrangementet.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde