Hopp til innhold

Ber kommunane bygge små hoppbakkar

Småbakkar er bra for rekrutteringa til hoppsporten.

Norges Skiforbund hopp har sendt brev til alle ordførarane i landet der dei ber om at det blir bygd små hoppbakkar i alle kommunar. Skiforbundet skriv at det aller lettaste er å setje opp ein såkalla skulehoppbakke, ein mobil hoppbakke til bruk på skuleplassar, leikeplassar og andre flate stader.

- Bakken vi har laga er akkurat stor nok til at borna blir nervøse, men ikkje så stor at dei blir redde. Det er ei utruleg kjensle sjå eit barn meistre eit skihopp for første gong. Lettelsen over å ha lukkast er tydeleg å lese i barnet sitt andleg, før det igjen spring opp for å prøve på nytt, skriv sportssjef Clas Brede Bråthen og utviklingssjef Tore Øvregård frå Norges Skiforbund Hopp i brevet til ordførarane.

- Dersom det kjem små hoppbakkar på skular vil det føre til at fleire får prøve skihopping, kjenne litt på den følelsen ein har når en sit på bommen før en skal hoppe. Det kan jo forhåpentlegvis føre til at fleire vil prøve å hoppe i større bakkar etterkvart og dermed gje betre rekruttering rundt omkring, seier landslagshoppar Anders Fannemel til Fjordingen.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde