Hopp til innhold

Mats Bjørnar i toppen

Bjørn-løparen Mats Bjørnar Leirdal gjekk eit sterkt løp under sesongopninga i langrenn på Beitostølen fredag.

På den tøffe klassiske 15 kilometeren enda 19-åringen til slutt som nummer tre i juniorklassa, vel 1.30 min. bak den suverene klassevinnaren Eirik Sverdrup Augdal frå Hønefoss.

Det er vidare verdt å merke seg at glopparen Roger Aa Djupvik sesongopna med ein svært oppløftande åttandeplass i seniorklassa. Med det var 32-åringen ca.34 sekund bak Martin Johnsrud Sundby, som vant løpet knepent føre Eldar Rønning.

Lokale plasseringar - senior
- Hallvard S. Evjestad (IL Bjørn), nr. 101
- Trygve H. Gaasø (Fj./Vereide IL), nr. 106
- Martin Hegrenes (Førde IL), nr. 139

Lokale plasseringar - junior
- Marte Erfjord (Hafslo IL), nr. 14
- Roger Øye Pollen (Førde IL), nr. 18
- Johannes Lund (Kaupanger IL), nr. 19

Sesongopninga i langrenn fortset på Beitostølen laurdag med 10 og 15 km friteknikk, før ein avsluttar helga med sprint på søndag.

Arrangøren sine nettsider

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde