Hopp til innhold

FIS Geilo

Seks lokale alpinistar sesongdebuterar på Geilo 25. og 26. november.

Seks lokale alpinistar sesongdebuterar i samband med FIS-renn i slalom på Geilo 25.-26. november.

Frå Sogn og Fjordane stiller følgjande utøvarar;

- Ivar Fugle Nordhaug, Førde IL
- Kari Hole, Førde IL
- Kristine Nygård, Førde IL
- Åge Solheim, Haugen IL
- Mats Engeland, Haugen IL
- Edvin Fonn Sårheim, Breimsbygda IL

Opphaveleg skulle det avviklast konkurransar både i storslalom og slalom. Men ein varm november gjer at Geilolia manglar snø. Dermed har arrangøren valgt å rokkere noko på renna som skulle avviklast 22.-25. november.

På Geilo vert det difor arrangert nasjonal junior herrar slalom, og slalom damer måndag 25. og tysdag 26. november.

Meir informasjon om arrangementet finn ein på arrangøren sine nettsider. 

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde