Hopp til innhold

Ungdomsstafetten

Generell info.

Oslo Skikrets og Norges Skiforbund ynskjer velkommen til Kong Haralds Ungdomsstafett 2017. Årets stafett arrangerast i Holmenkollen, søndag 12. mars kl. 09.30. Stafetten avviklast i samband med World Cup i Holmenkollen.

Ungdomsstafetten er ein mixed stafett over fire etappar à 3,5 km for aldersgruppa 15 og 16 år.

Sogn og Fjordane Skikrins stiller med eitt lag til stafetten.

Dato

12. mars 2017.

Utøvarar

15-16 åringar (f. 2001-2002)

Uttak

Frist for innmelding av etappar og løparprofilar er 06. mars 2017.

Langrennskomiteen tek ut laget, og ein vil primært vektlegge deltaking og resultat i SSF Cupen 2017.

Reisemåte

Privatbilar.

Overnatting

Det er reservert overnatting (4 dobbeltrom) ved Scandic Fornebu i perioden 10.-12. mars 2017, medan Thon Hotel Ullevål stadion vil vere base for Ungdomsstafetten 2017.

Opphaldet er inkl. frukost.

Fakturering

Sogn og Fjordane Skikrins dekkjer opphaldskostnadane for uttekne utøvarar, medan aktuelle føresette vert tilsendt faktura for opphaldet i etterkant av arrangementet.

Føresette vert fakturert kr. 960,- for opphaldet.

Logistikkliste

 

Etappar

1. etappe: J15 år - 3,5 km klassisk
2. etappe: G15 år - 3,5 km klassisk
3. etappe: J16 år - 3,5 km klassisk
4. etappe: G16 år - 3,5 km klassisk

Greinleiar

Oddmund Lefdal (915 52 210)

Hovudleiar

Ikkje avklara p.t.

Ansv. smøring (rettleiing/testing)

 

Køyretillatelse

Det vil ikkje bli gitt køyretillatelsar til Holmenkollen laurdag og søndag.
Som tidlegere år vil arrangøren ordne med busstransport.

NB! I tillegg til transport for utøvarane, har skikrinsen også bestilt transport for føresette.

Bankett

Det vert ei eiga tilstelning for Kong Harald og utøvarane i Skimuseet laurdag ettermiddag (utøvarane + enn leiar frå kvart lag).

Det er ynskjeleg at utøvarane skal bere klubb- eller krinstøy.

Sekretariat

Kong Haralds Ungdomsstafett vil ha sekretariat på Thon Hotell Ullevål og i Holmenkollen.
4 utøvarar og 3 leiarar pr. lag får akkreditering.

Transport

Scandic Hotel Fornebu har enkel tilkomst til/ frå Holmenkollen. Hotellet har god forbindelse med både buss og bane. Det er også eit stort parkeringshus i samband med hotellet.

Treningstider

Grunna stor aktivitet i løypene i Holmenkollen heile veka, vil tid til trening i løypa bli avgrensa.

Program

Laurdag 11. mars
- kl. 11.00: Kombinert hopp
- kl. 12.15: Første bussavgang frå hotellet til Holmenkollen
- kl. 12.45: Langrenn 50km menn
- kl. 15.30: Andre bussavgang frå hotellet til Holmenkollen
- kl. 15.40: Kombinert langrenn
- kl. 16.15: Laghopp menn
- kl. 16.30: Trening i løypene
- kl. 18.00: Pølsefest med Kong Harald i Skimuseet
- kl. 20.00: Retur med buss frå Holmenkollen
- kl. 20.30: Kveldsmat på hotellet

Søndag 12. mars
- kl. 07.00: Busavgang frå hotellet (skitesting i eigne løyper)
- kl. 09.30: Kong Haralds Ungdomsstafett 2017 + premieutdeling
- kl. 10.30: Hopp kvinner
- kl. 11.00: Første bussavgang frå Holmenkollen til hotellet
- kl. 12.00: Langrenn 30 km kvinner
- kl. 14.15: Hopp menn
- kl. 15.00: Andre bussavgang til hotellet

Adm. ansv.

Yngve Thorsen (926 01 421)

Påmelding

Sogn og Fjordane Skikrins har meldt på eitt lag til stafetten.

Nettside

Arrangøren si nettside. 

Her finn ein det meste av detaljinformasjon om arrangementet.
Viktig at alle set seg godt inn i denne.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde