Hopp til innhold

Nasjonalerenn Langrenn

Reservasjon av innkvartering til nasjonalerenn og meisterskap 2016-2017

Norges Skiforbund har endra rutinar for overnattingsopplegg i samband med norgescup junior og Junior NM kommende sesong. Skikretsane får tildelt eit antall sengar på dei aktuelle stadane: Nes på Romerike, Voss og Harstad. Antall tildelte sengeplassar er basert på erfaringstal frå tidlegare sesongar.

Dette inneber at NSF reserverer alle sengeplasser på arrangørstaden og fordelar på kretsane. Førebels er fordelingsnøkkelen 1 leiar pr. 4. utøvar. Dette er for å sikre at alle utøvarar får overnatting i nærleiken av stadion. Dersom det fortsatt er ledige sengar når alle kretser har fått det ein treng, vil desse bli frigitt primo oktober - og vi kan prøve å få fleire rom.

I samband med norgescupen for junior på Nes og Voss, samt Junior NM i Harstad er Sogn og Fjordane tildelt 19 sengeplassar. Ved organisering av fellesopplegg til desse renna er det m.a.o. ikkje høve for foreldre/ føresette å bestille innkvartering gjennom Sogn og Fjordane Skikrins slik som tidlegare år. Aktuelle foreldre/ føresette som ynskjer å vere tilstades på desse arrangementa må i så fall ordne med innkvartering sjølve.

Når det gjeld innkvartering til Hovudlandsrennet, ordinære FIS-renn og norgescuprenn for senior så er opplegget som før, dvs. at også foreldre og andre kan ordne innkvartering gjennom Sogn og Fjordane Skikrins.

Bestillingsfristar, avbestillingsfristar og øvrige rammevilkår blir sett av kvar einskild overnattingsverksemd.
Merk at alle bestillingar er bindande. Ved forfall må løpar/ føresett nytte seg av eiga reiseforsikring ved eventuell refusjon.

Ved reiser til meisterskap og norgescuprenn i sør Norge ordnar løparar, støtteapparat, klubbleiarar og føresette transport sjølve. Når det er behov for reservasjon av fly- og togreise t.d. i samband med arrangement i Nord Norge ordnar krinskontoret transport.

Informasjon om kvart einskild arrangement finn ein i menyen til venstre.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde