Hopp til innhold

SFEhopp Cup

Hopp- og kombinertkomiteen vidarefører rekutterings-cupen i hopp med same regelverk som tidlegare

Hovudinnhold
SFE-cupen har tre parallelle cup`ar med 4 lokale renn i kvar del av fylket, før ein møtest til ein felles finale. 

Alder og bakke inndeling
10 år og yngre:           max K-20    11-12 år:                 max K-35
13 år –14  år                max K-50    15 år og eldre        max K-70

Men det er fritt val for arrangør og løparar å velja mindre bakkar.

Klasseinndeling (konkurranseklassar)
Klasseinndeling er 10 år og yngre (ei klasse), 11-12 år, 13-14 år, 15-16 år og 17 år og eldre. 

Det skal heile tida vere separate klassar for jenter og gutar, dvs. at gutar og jenter skal ha kvar si resultatliste og premierast kvar for seg.

Berre lengde er teljande i lokalrenn
Det som er spesielt med desse renna er at det berrre er lengde som er teljande, stildømming blir ikkje gjennomført i denne cup`en. Det vil heller ikkje telje negativt med fall. Det blir lagt opp til minimum to omgangar, helst tre omgangar i kvart renn der to er teljande.

Finalerennet gjennomførast med stildømming til liks med vanlege krinsrenn.

For finalerennet gjeld vanleg startkontingent til arrangør og deltakaravgift til skikrinsen, samt premiering av arrangør . 

Premiering

1.       Premiering i lokalrenn (enkeltrenn)
a.       I klassen 10 år og yngre skal alle ha ein liten minnepremie
          (enkel  medalje) i kvart lokalrenn. 
b.       I årsklassane 11 år eldre er det ingen premiering for enkeltrenn,
          berre samanlagtpremie.

2.       Samanlagtpremiering
a.       Ingen samanlagtpremiering i klassen 10 år og yngre. 
b.       I klassane 11 år og eldre får alle minnepremie som har delteke i
          tre  renn av 5 renn.
          Dei tre beste i kvar klasse får gradert premie, men føreset at ein
          har delteke i minst to lokale renn.

          Resten får lik deltakarpremie/ minnepremie.

3.       Lagspremie
a.       Alle deltakarar opp til 16 år gjev laget 1 poeng  for kvart renn i dei
          lokale renna.
b.      Ein summerar alle poenga i dei lokale renna frå året før. I tillegg
          får laga poeng tilsvarande auka poengsum i høve til fjoråret (dersom
          laget får mindre poengsum enn i fjor vert det ingen fråtrekk)
c.       Beste lag i kvar region vinn ein premie på kr. 1 000,-.

4.       Individuell poengberekning  i klassane 11 år og eldre
a.       Deltakar (hoppar) får poeng i kvart renn ut frå poengsystemet som
           står opplista nedanfor.
b.       Berre 3 lokale renn tel i samandraget, dvs. dårlegaste poengsum
           i lokale renn kan strykast om hoppar deltek i 4 lokale renn.
c.        I finalerennet vert poengberekninga tredobla.

Poengberekning
1. plass - 30 poeng              2. plass - 25 poeng              3. plass - 20 poeng
4. plass - 17 poeng              5. plass - 14 poeng              6. - 16 plass gir 11- 1 poeng 

Lik plassering gir same poengsum. Neste plass på poengskalaen skal då hoppast over.

Døme: Delt 3. plass gir 20 poeng til begge. 5.plass gir då 14. poeng.

Startkontingent
Kr. 30,- for eit renn og kr. 60,- for to eller fleire lokalrenn innbetalast til skikrinsen.  Laget sin deltakar  er ansvarleg for innbetaling til krinsen og laget avgjer sjølv om deltakar eller laget betalar dette.

Resultat
Skal sendast pr. e-post til krinskontoret umiddelbart og så vil  resultat bli lagt ut på www.skikrinsen.no  Krinsen held oppdatert poengberekningsliste etter kvart renn som vert innmeldt.

Spørsmål ved gjennomføring stilast til adm. sjef Yngve Thorsen (tlf. 92601421) eller komitemedlem,  og ansvarleg for gjennomføring,  Jon Ove Lomheim (tlf. 91721076)
Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde