Hopp til innhold

Fjord1 samlingar

 

SAMLINGSPLAN 2016-2017

Stad Tidspunkt Aldersgr. Tekn. arr.
Jølster 08.-09. april 2016 U12 -

SFSK

Jølster 07.-08. mai 2016 U12 - 

SFSK

Sandane 13.-14. mai 2016 2006 og el.

BBIL

Juvass 18.-20. juni 2016 2006 og el.

SFSK

Juvass 19.-21. aug. 2016 2006 og el.

ARAN

Sandane 26.-27. aug. 2016 2006 og el.

BBIL

Folgefonna 23.-25. sept. 2016 2006 og el.

ARAN

Sandane 23.-24. sept. 2016

2006 og el.

BBIL
Hintertux 09.-15. okt. 2016

 

ARAN
Førde 21.-22. okt. 2016 2006 og el.

Førde IL

Sandane 11.-12. nov. 2016

2006 og el.

BBIL
Kvitfjell 24.-27. nov. 2016

 

ARAN
Hafjell 05.-08. jan. 2017

 

ARAN
Sogn og Fj. 02.-05. feb. 2017

2006 og el.

ARAN/ EH

PÅMELDINGSLISTE - FJORD1 SAMLINGAR 2016-2017
(inkl. bestilling av innkvartering, oppdatert 24.08.2016)

Frist for påmelding til alle samlingane f.o.m. juni månad (Juvass) er fredag 20. mai

NB! Det vert lagt til rette for eiga påmelding i samband med Fjord1 samlinga på Jølster og Sandane i mai.

Via påmeldingslenka under melder ein seg på og bestiller innkvartering til alle Fjord1 samlingane.

Påmelding

Samling i Hintertux
Samlinga i Hintertux vert avvikla i perioden 09.-15. oktober 2016.

Avreise frå Gardermoen 08. oktober, heimreise 15. oktober

Overnatting er reservert gjennom ARAN ved Hotel Tirollerhof.
Pris for innkvartering og heiskort ifbm. denne samlinga er ikkje avklara endå.

Som i fjor legg ein opp til individuelle bestillingar av flyreise t/r. Gardermoen-Munchen.

Ein vil elles organisere felles transport (buss) frå flyplassen i Munchen (08. oktober) til Hintertux t/r.

ARAN stiller med trenarar i samband med følgjande Fjord1 samlingar:
- Juvass, 12.-14. august 2016
- Juvass, 16.-19. september 2016
- Hintertux, 09.-15. oktober 2016
- Kvitfjell, 24.-27. november 2016
- Hafjell, 05.-08. januar 2017
- Sogn og Fj., 02.-05. februar 2017

Even Hole stiller som hovudtrenar i samband med følgjande Fjord1 samlingar:
- Jølster, 08-09. april 2016
- Jølster, 07.-08. mai 2016
- Sandane, 13.-14. mai 2016
- Juvass, 10.-12. juni 2016
- Sandane, 26.-27. august 2016
- Sandane, 23.-24. september 2016
- Førde, 21.-22. oktober 2016
- Sandane, 11.-12. november 2016
- Sogn og Fj., 02.-05. februar 2016 (i samarbeid med ARAN)

Føresette
Føresette må vere villige til å hjelpe til under samlingane.
Om morgonen vil det vere behov for hjelp til bering av staur, skruing, salting, skliing ved snøfall og fjerning av utstyr etter bruk.

Overnatting
Overnatting er reservert med bakgrunn i eit stipulert tal, eksakt pris for overnatting ifbm. dei ulike samlingane er ikkje avklara endå.
I samband med samlingane på Juvass vert det bestilt overnatting på Elveseter. 

Når det gjeld barmarksamlingane vert det i alle hovudsak organisert overnatting på flatseng.

Informasjon
Informasjon i samband med dei ulike samlingane blir lagt ut på www.skikrinsen.no i god tid før samlingsstart.

Treningsavgift
I samband med skisamlingane er treningsavgift pr. løpar pr. dag; kr. 390,-. Unnataket er samlinga i Hintertux der treningsavgifta er kr. 450,- pr. utøvar pr. dag.
Prisen føreset at det vert 15 løparar på kvar gruppe.

Ved barmarksamlingane er treningsavgifta kr. 150,- pr. pers. pr. døgn.
(Inkl. overnatting og måltider)

Påmelding
Ifbm. påmelding minner vi om at både utøvarar, føresette og søsken må melde seg på via linken ovanfor. Utøvarane melder seg på og bestiller innkvartering, medan føresette og søsken bestiller innkvartering via linken.

NB! Ver merksam på at dersom ein t.d. er tre frå ein familie som skal melde seg på/bestille innkvartering, så må ein utføre prosedyren ved påmelding tre gongar. Dvs. ei påmelding/bestilling pr. person.

Frist for påmelding er sett til fredag 20. mai 2016.

Avmelding
Evt. avmelding til dei ulike samlingane skal skje seinast 14 dagar før samlingsstart. Dersom avmeldinga skjer seinare enn 14 dagar før samlinga tek til vert treningsavgifta og kostnader med opphaldet fakturert.

Skule
Ein minner om at alle utøvarar/føresette skal orientere sine respektive skular m.o.t. kva samlingar ein skal delta på. Det er viktig at skulen så tidleg som råd blir orientert om evt. fråvær i samband med samlingane.

Kontaktinfo.
Dersom ein har spørsmål eller noko er uklart, kontakt adm. sjef Yngve Thorsen, tlf. nr. 92 60 14 21.

Elles oppmodar alpinkomiteen klubbane sjølve å ta initiativ til samlingar. Desse samlingane bør vere eit supplement til Fjord1 samlingane, og gjerne på tvers av klubbgrensene.

Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Atle Hamar (s)                                       Yngve Thorsen (s)
Leiar AK                                                  Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde