Hopp til innhold

FIS-renn og meisterskap

Reservasjon av innkvartering

Sogn og Fjordane Skikrins reserverar eit stipulert tal overnattingsplassar i samband med utvalte FIS-renn og meisterskap i alpint.

Det er reservert overnatting samla for heile krinsen (løparar, støtteapparat, klubbleiarar og føresette) slik at vi oppnår gunstige prisar, samstundes er det positivt at alle frå krinsen bur samla.

Bestillingsfristar, avbestillingsfristar og øvrige rammevilkår blir sett av kvar einskild overnattingsverksemd.

Merk at alle bestillingar er bindande. Ved forfall må løpar/ føresett nytte seg av eiga reiseforsikring ved eventuell refusjon.

Ved hotell o.l. skjer oppgjeret direkte mellom overnattingsstaden og utøvaren evt. etter nærare avtale.

Ved reiser til FIS renn og meisterskap i sør Norge ordnar løparar, støtteapparat, klubbleiarar og føresette transport sjølve.
Når det er behov for flyreise, t.d. i samband med arrangement i nord Norge ordnar krinskontoret transport.

Påmelding
Påmelding til dei ulike arrangementa skjer gjennom krinskontoret, til kennet.dvergedal@skiforbundet.no 

Startkontingenten i samband med FIS-renn var for sesongen 2020-2021 kr. 310,- pr. renn.

Kontingenten vert forskottert av skikrinsen, deretter vert kvar einskild utøvar fakturert ved slutten av sesongen. Elles får samtlege FIS-løparar i Sogn og Fjordane dekka startkontingent ifbm. fem FIS-renn pr. sesong.

Ver elles merksam på at alpinkomiteen dekkjer startkontingenten ifbm. NM, jr. NM, Hovudlandsrenn og Landsfinale/ Telenorleikane.

Detaljinformasjon om dei ulike arrangementa for 2021-2022 vert oppdatert i menyen til venstre når dette er klart.

NIF-EPI01, 01