Hopp til innhold

Storfjordlangrenn på samling.

Storfjordlangrenn er i gang med ny sesong og har hatt barmarkssamling i Tomrefjord. Vertane frå skigruppa i Tomrefjord IL melder om kjekt besøk!

Det var gode treningsøkter både fredag og laurdag. Søndag var det løp på Tomrefjellet der Svartløken Rundt vart arrangert for 14.gong.

I år har trenarane Anniken Hjellbakk Hole og Lars Anders Hoel ei gruppe på 14 utøvarar som dei skal vere med å utvikle vidare. Utøvarane kjem frå 7 ulike klubbar sør for Romsdalsfjorden. Det var ei stor gruppe som gjekk ut pga alder etter sist sesong, men det er likevel rekruttert seks nye i år. Det er alltid spanande å ta til med ny sesong, men det er ein fin og positiv gjeng som vi trur og håper vil få eit kjekt år i lag.

Neste samling er på Ullsheim i august. Fram til då ønskjer Storfjordlangrenn alle ein god sommar!

Med sportsleg helsing

styret i Storfjordlangrenn

Bildet: Her er årets utgåve av Storfjordlangrenn samla ved varmestua på Tomrefjellet før løpet på søndag. Bak f.v. Emma Emblem, Live Johanne Vestre Røkke, Frida Emblem, Eskil Linge Glomnes, Kasper Vik, Håkon Bakke Kjerstad, Adrian Flote, Lone Lorgen Øvrebust. Framme f.v. Lars Anders Hoel, Anniken Hjellbakk Hole, Kristine Hjellbakk Hole, Synne Klokset, Hanne Svanemyr Kjos, Guro Eline Vollan, Johanne Ringdal Sæter og Ingfrid Klokset (ein komande "rekrutt"). Ikkje til stades på bildet: Serine Skogeng Reiten.