Hopp til innhold

Hovdebygda IL-trenere på Trener 2 kurs.

NSF arrangerer Trener 2 kurs for langrennstrenere på Sognefjellet. Hans Olav Sætre og Dag Jarle Aa fra HIL deltar på kurset (bildet). Det er veldig positivt at vi har trenere som får med seg "siste nytt" innen langrenn.

Dag Jarle Aa og Hans Olav Sætre har vore trenarar nokre år i Hovdebygda IL langrenn.

Hovdebygda IL langrenn arrangerte trenarkurs for nokre år sidan og dette har vore grunnlaget for fleire av langrennstrenararane. Men Dag og Hans Olav ville gå vidare og deltek i desse dagar på trenarkurs arrangert av Norges skiforbund. Kurset vert arrangert i Skjolden og på Sognefjellet.


Dette trenar 2 kurset går over 5 dagar på Sognefjellet pluss at det i tillegg er 20 timar med  e-læring i etterkant.

 

Det har vore med 13 deltakarar frå heile landet, der HIL-trenarane er dei einaste frå vår Skikrets som deltek i år.

 

Kurset innheld teori og praksis på ski, rulleski og barmark. Målet  for trenarkurset er å utdanne langrennstrenarar til ungdom frå 13-16 år.

Frå september til over påske har Hovdebygda IL langrenn behov for om lag 10 langrennstrenarar og dette kurset vil vere svært nyttig for komande sesong, der det er venta 50-60 ivrige langrennsløparar med smått og stort over 8 år.