Hopp til innhold

NM del 2/ NC-Finaler

Rapport fra NM del 2 og NC-finalene på Beitostølen.

Rapport NM-del 2 / JrNC finale

 Beitostølen 31. mars – 3. april 2016

 

 

Program:

Torsdag                NM-sprintstafett senior                                     Klassisk

Fredag                  NM senior 5/10 km. Frå 17 år og oppover    Fristil

Laurdag                NM 30 / 50 km senior (ikkje ope for junior)  Fristil

Søndag                 Finale NC-junior                                                Duathlon

                               K17+K18 2x3 km

                               K19/20+ M17+M18 2x2,5+2x2,5 km

                               M19/20 4x2,5 + 4x2,5 km

 

 

Ein liten men bra gjeng på NM-del 2 / finale JrNC i år. Fem juniorar frå Møre og Romsdal var kvalifisert, tre jenter og to gutar. Martine Lorgen Øvrebust, Ingrid Nerem, Sigrid Ertresvåg Jakobsen, Petter Elias Vestre Røkke og Eirik Kjøl Tornes. Eirik er skiskyttar og kvalifiserte seg til finalen gjennom resultatet på JrNM. Han valte nok skiskyting denne helga og var ikkje til stades. Vi hadde elles berre ein senior på start, Rune Malo Ødegård og han leverte knallgodt på femmila laurdag.

 

Første konkurransedag stilte jentene frå Emblem Ingrid og Sigrid opp på sprintstafetten. Dei gjorde ein bra figur, men kom ikkje vidare til finalen. Dei hadde likevel ei bra oppleving, og er svoltne på forbetring til neste år. Kjekk konkurranseform også for oss som såg på.

 

Andre dag var det 5 og 10 km NM på programmet. Som i fjor, so var dette eit fellesrenn mellom junior og senior. Same konsept på avslutningshelga vart prøvd på NM-del 2 i fjor, og no som då, vart dette ei spennande konkurranse. Her får juniorane måle seg mot dei beste i verda. For dei er dette veldig spennande og dei får verkeleg sjå kvar nivået ligg.

 

Laurdagen var det klart for 30 og 50 km NM. I år var det enkeltstar og klassisk. Det var planar om å tillate skibytte undervegs, men dette vart teke bort. God gammaldags tremil og femmil altså. Enkeltstart og ingen skibytte. Rune Malo Ødegård stilte til start og fekk ein knallgod 12 plass. Imponerande og meget sterkt på tungt føre i ei dryg femmil.

 

Siste dag klart for finale for juniorane. Som vanlig so var dette duathlon, og alle var klare for å avslutte norgescupen med stil. Martine avslutta til ein 4 plass i rennet, og det var også plassen ho fekk samanlagt. Ingrid fekk 13 plass i finalen, også meget sterkt. Andre resultat har eg oppsummert under.

 

 

 

Deltakarar                                                                                           Sp st.      5/10km  30/50km        Duathlon

M17                       Petter Elias Vestre Røkke Stordal IL              -              356         -                        38

K18                        Ingrid Nerem                       Emblem IL           21           134         -                         13          

                               Sigrid Ertresvåg Jakobsen  Emblem IL           21           157         -                      25

K19/20                  Martine Lorgen Øvrebust  Stordal IL              -              32           -                       4

Senior                   Rune Malo Ødegård          MOI                        -              53           12           -

 

 

Elles har vi eit par løparar frå fylket som representerer andre klubbar. Mari Støen Gussiås representerer Lillehammer og gjekk med Lillehammer 2. inn til 12 plass i sprintstafetten. Elles fekk ho 23 plass på 5km, og 22 plass på 30 km. Kari Vikehagen Gjeitnes representerer Henning og gjekk inn til 13 plass på sprintstafett. I tillegg gjekk ho inn til 20 plass på 5 km.

 

 

 

04.04.2016

Jan Erik Westerås