Hopp til innhold

Kretslaget langrenn 2016-17.

Her kommer invitasjon til å delta på Kretslaget-langrenn i M&R Skikrets for sesongen 2016-17.

Informasjon

Samlingsplan.

 

Her kjem invitasjon til å delta på kretslaget i langrenn i Møre og Romsdal for sesongen 2016-2017. Frist er 10. mai for påmelding.

 

Invitasjonen går ut til både junior- og seniorløparar.

 

Vi ber om at klubbane sender vidare invitasjonen til aktuelle utøvarar straks.

 

Vedlagt følgjer informasjon om kretslaget og samlingsplan for sesongen 2016- 2017.

 

-    Kostnaden for å delta er kr.12.000,- (6.000,- på utøvar og 6.000,- på klubb). Faktura blir sendt ut til påmeldte løparar og til klubb frå kretskontoret

 

-    Samlingane må prioriterast framfor andre aktivitetar.

  

-    Etter at samlingssesongen er starta opp, vil det ikkje bli refundert eigenandel for manglande deltaking på ei eller fleire samlingar.

 

-    Inntektene til kretslaget er basert på eigenandel og sponsorstøtte. Foreldre må rekna med å delta med dugnadshjelp på ei samling.

 

Samlingsplan (sjå vedlegg):

  • Vi legg opp til ei ekstra samling på Molde i år.

  • 6 skuledagar er samlingsdagar. 2 torsdagar, 2 fredagar, 1 måndag og 1 torsdag

  • Kom gjerne med innspel på samlingsplanen. Det er enno mulig å gjere endringar om det skulle vere nødvendig

     

Påmelding til Pål på e-post paov@stranda.kommune.no  eller mobiltlf.: 456 67 740   innan 10. mai.

 

mvh Pål Bjørn Øvrebust, trenar