Hopp til innhold

Statoil NC-Hovden.

Nye sterke prestasjoner av våre juniorer under Norgescuprennene i Hovden. Se rapport fra hovedleder Jan Erik Westerås.

Rapport frå NM-sprint, NC 4,5,6 Hovden

 Hovden 12-14 feb. 2016

Program:

Fredag                    NM sprint               M17, M18, M19/20 – 10 km

Laurdag                   Klassisk                   Alle K 5 km, Alle M 10 km

Søndag                   Fristil - AVLYST      K17, K18 – 5 km

                                                               M17 - 7,5 km

                                                               K19/20, M18 – 10 km

                                                               M19/20 – 15 km

 

 

Felles overnatting på Hovdehytten. Vi hadde tre leiligheter og hadde det bra her. Veldig korte avstandar denne gongen, med under to kilometer til stadion. I tillegg var det skiløyper frå sentrum til stadion som tok ca. 10 minutt å gå og arrangøren hadde i tillegg sett opp shuttelbuss til stadion. Alt i alt veldig bra.

 

Skiforhold og løyper også veldig bra. Det var harde løyper og mange sløyfer. Dei hadde ein 10km, og det er ikkje so ofte vi møter. Det er kjekkt, men krev samtidig litt ekstra mtp. å gjere seg kjent i løypene. Spesielt når det er so mange løyper og fleire krevjande parti. Det vart likevel raskt klart at kulden skulle få mykje å seie denne helga. Meldingane viste at det skulle bli ned mot eller omkring 20 minusgrader alle dagar, og helst kaldast mot slutten av helga.

 

Først var det sprinten som stod på programmet. Ein rekna med at denne skulle kunne gå som planlagt, fordi denne dagen var den mildaste. Det starta med at proglogen først vart utsatt i 30 minutt, og deretter litt og litt fram til den til slutt kom i gang to timar forsinka. For gutane gjekk programmet etter dette som oppsatt, men for jentene vart det køyrt eit nedkorta program, med dei 18 beste videre til tre semifinalar. Dette gjekk ok.

 

Laurdag vart starten flytta frå 10 til 11, og elles køyrt som oppsatt. Denne dagen gjekk greit. Søndag såg ut til å bli den kaldaste dagen, og det stemte. Arrangøren tok ein del høgde for dette med å flytte starten frå 09:00 til 11:00 og samtidig korte ned startintervall til 10 sek. Startrekkefølge vart køyrt som oppsatt. I tillegg vart nokre distansar endra, slik at alle jentene skulle gå 5km, og ingen gutar lenger enn 10km. Ved jurymøte 10:30, vart det likevel beslutta å avlyse renna søndag. Då hadde temperaturen på stadion berre nådd opp i -22 grader.

 

Møre og Romsdal Skikrets hadde totalt 15 løparar påmeldt til denne helga. To meldte avbud allereide før avreise pga. sjukdom. Vi hadde soleis 13 til start. Eg nevner her opp dei som tok poeng. I sprint 16 plass til Rikke, 9 plass til Ingrid, 4 plass til Martine, 20 plass til Petter Elias. I klassiskrennet 30 plass til Guro, 11 til Ingrid, 4 til Martine, 30 til Petter Elias. I tillegg vart det klart at Marine etter denne helga vart tatt ut til JrVM.

 

 

 

Deltakarar                                                                                            NM-sprint fri         Klassisk                 Fristil - avlyst

K17                          Rikke Gjeitnes Dahle                             MOI                        16            50

                                Pernille Iversen Gjeldsvik                      MOI                        DNS         DNS

                               Vilde Årøen Lykke                                  Emblem                  DNS         DNS                       

                                Guro Myrset                                          MOI                        42            30

K18                          Ingrid Nerem                                         Emblem                  9              11

                                Sigrid Ertresvåg Jakobsen                     Emblem                  47            DNS

K19/20                    Martine Lorgen Øvrebust                      Stordal                    4              4

M17                        Petter Elias Vestre Røkke                      Stordal                    20            30

M18                        Kornelius Linge Glomnes                      Valldal                    116          88

                               Bjørn Erik Langstein                              Tomrefjord             95            72

                               Ole Henrik Lervik                                   MOI                        87            49

                                Vegard Røyrhus                                     Hovdebygda IL        59            48

M19/20                  Iver Matias Linge Glomnes                   Valldal IL                 106          61

                               Alexander Løvik Nyheim                        Tomrefjord IL         111          104

                               Isak Stiansson Pedersen                        Vågstranda IL         67            DNS

 

 

 

18.02.2016

Jan Erik Westerås