Hopp til innhold

Osmarkrunden

Årets Osmarkrunden nummer 19 gjekk av stabelen 13.2 i flott vinterver med sol og kuldegrader.

 Arrangøren ser seg veldig godt fornøgd med årets arrangement som samla 40 trimmarar; familiar med barn og foreldre og mosjonistar og 53 aktive løpere i løypene under årets renn. Ver med sol og flotte løyper ga løpet den ramma vi ønska oss under årets renn.

Dette vart den løpsfesten vi hadde håpa på, og neste år håpar vi enda fleire tek turen til Osmarka og tradisjonsrike Osmarkrunden. Flott vinterver gjorde  løypejobben enkel og forholda for løparane flotte.

MOI gjorde storeslem i både herre og damklassen under årets utgåve av Osmarkrunden.

Tor Koksvik frå MOI gjekk av med seieren i årets Osmarkrunden,på tida 59:17 etter spurtoppgjer med  Harald Fladseth frå Aure IL- ski på tida 59:18. dette gjorde at Koksvik sikra seg eit nytt napp i herrenes vandrepokal. 

Fredrikke Pettersen som også representerer MOI fekk beste tida i dameklassen på tida1:07. dette sikra henne vandrepokalen i dameklassen til odel og eige.

Det er gledeleg for arrangøren at miljøet i juniorklassane også blomstrar. Jøri Vatten frå Surnadal IL var  einaste jente og gjekk sitt distanserenn på ein runde på tida 35:57.

I gutteklassen var det 15 deltakarar. Her kunne 2 blad Engdahl hente inn seieren i kvar si klasse til Torvikbukt IL. Sander Engdahl Torvikbukt IL tok førsteplassen i klasse G 13-14 år på tida 31:58. 2 plassen til Sebastian Risan Nakken, MOI på tida 32:51 og 3 plassen til Mathias Lillehagen Aure IL- ski på tida 33:41.

M15-16 år gjekk storebror Eskil Engdahl av med seieren for Torvikbukt IL på tida 28:45, 2 plassen tilMikkel Waldeland Gautvik, MOI på tida 28:55 og 3 plassen til Jørgen Lyngstad frå Lyngstad og Omegn IL på tida 33:27.