Hopp til innhold

Stordalssamlingen - igjen en suksess!

Årets Stordalssamling er nettopp avsluttet, og igjen organiserte Stordal IL en meget vellykket treningssamling for langrennsløperne våre. Takk til Stordal IL! Foto: Øyvind Tafjord.

Her et klipp fra hjemmesiden til Stordalshallen:

Forøvrig en meget flott reportasje i Sunnmørsposten onsdag

Dette er overskrifta vi kan lese i Sunnmørsposten i dag og det handlar om den niande utgåva av Stordalssamlinga i langrenn. Til liks med tidlegare år var deltakinga også særs god, med heile 65 løparar i alderen 11 til 16 år, frå Nordfjordeid i sør til Torvikbukt i nord. Som alltid er det Stordalshallen som er base for den populære samlinga.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.10.2016

Stordalssamlinga 2016 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2016Erik RøkkeStordalssamlinga 2016 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2016Erik RøkkeStordalssamlinga 2016 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2016Erik RøkkeStordalssamlinga 2016 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2016Øyvind TafjordDet er ikkje få timar med trening som vert lagt ned når fylkets unge langrennsløparar møtast, men tid til litt sosialt vert det sjølvsagt og, innimellom dei mange øktene. Laurdagskvelden var det quiz og filmframsyning på storskjermen i grendasalen. På dagtid vart det også tid til litt fotball, tennis og anna kjekt.

Fredagskvelden i si heilheit er det i Stordashallen det skjer, med ei lengre styrke- og koordinasjonsøkt i idrettshallen. Der er m.a. den 15 meter lange team-tracken noko av det utstyret som vert teke i bruk. Elles set løparane verkeleg sitt preg på Stordal ei slik helg, der dei skøytar seg fram langs vegane såvel på riksvegen som i byggefelta rundt om i bygda.

Tradisjonen tru vart også denne niande samlinga avslutta med terrengløp og rulleskiløp på søndagen. Nedst på sida kan de sjå resultatlista. (då ser ein også kvar dei kjem frå, alle desse løparane)

Nytt i år, var det også at ein la opp til ei økt i klatreveggen, der m.a. Kjell Mulelid og Helga Øvrebust stilte opp som instruktørar. Symjebassenget var også klargjort til denne helga, slik løparane fekk æra av å "innvie" dette for sesongen.

Når vi først er inne på dette med instruktørar, er nettopp dette noko av varemerket til dei dyktige arrangørane i langrennsgruppa til Stordal IL. Kvart år kan dei nemleg skilte med eit stort og godt skulert instruktørkorps.

Pål Bjørn Øvrebust er som alltid hovudtrenar. I år kunne deltakarane elles gle seg over at landslagssløparane Martine Lorgen Øvrebust og Petter Løset Skodjereite var på plass. Slikt er sjølvsagt ekstra stas og dei begge er det synlege beviset på at ein kan nå toppen, sjølv om ein kjem frå ein liten klubb i det som vel også vert rekna for å vere ein relativ snøfattig del av landet vårt. Kanskje er det nettopp det som skal til? Akkurat det skal vi la ligge her, men registerer i alle fall at Stordal IL får det til både kva gjeld topp og breidde!

Anniken Hjellbakk Hole og Lars Anders Hoel er også med når Stordalssamlinga går av stabelen. Det er dei som også er trenarar for Storfjordlangrenn og er sjølvsagt særs dyktige. Frå eigne rekkjer var også juniorløparane Petter Elias Vestre Røkke, Vilde Lorgen Øvrebust, Helene Krokfoss og Andreas Hjelle med som instruktørar, så her kan ein slå fast at løparane var i dei beste hender. Med dyktige og engasjerte foreldre på plass heile helga, vart dette endå betre.

Det er sjølvsagt mykje som skal planleggjast og organiserast, både med tanke på det som skal skje av treningar, bespisning og anna, ei slik helg og det er verkeleg på sin plass å gje all honnør til dei dugande arrangørane i langrennsgruppa.  

Alt tyder på at dei som var på plass også på den niande utgåva av Stordalssamlinga, ikkje vil ha noko i mot å kome attende og delta på jubileumssamlinga neste haust!

 

Se flere bilder og filmer i linken under:

http://www.stordalshallen.no/suksess-igjen.12187.aspx