Hopp til innhold

Sonesamling i Valldal

Valldal IL inviterte til sonesamling laurdag 2. januar. Sidan det ikkje er snø på stadion på Omenås, vart samlinga flytta til Langdal,

Det var flotte løyper både langs fylkesvegen fram til Byksebrua og på sætrevegen til Nedstestølen.

 

Det var til saman 37 deltakande born i alderen frå 1.- 8. klasse, også frå klubbar utanom sona. Dei unge langrennsløparane vart delt inn i tre grupper; 1.-2. klasse, 3.-5. klasse og frå 6. klasse og oppover. Det var ei økt med fristilstrening på føremiddagen og ei økt klassisk på ettermiddagen. For dei aller yngste var det sjølvsagt mest leikprega aktivitet. Fleire av trenarane har nettopp gått kurs og fekk ei god anledning til å praktisere det dei hadde lært!

 

Mellom treningane vart det servert varm lunsj og tid til leik på klubbhuset på Omenås. Stor takk til Valldal IL for arrangementet – ein kjekk og sosial dag på ski!