Hopp til innhold

Storfjordlangrenn på samling.

20 unge motiverte utøvere på samling med Storfjordlangrenn.

Helga 14.-16.august hadde Storfjordlangrenn treningssamling på Ullsheim.

20 motiverte utøvarar møttest til gode økter i det flotte anlegget til Markane IL i Stryn.

Det er ein fryd å vere langrennsløpar også på sommarstid når ein kan trene under slike tilhøve.

I rulleskiløypene i terrenget rundt skiskyttararenaen vart det gjennomført fleire økter både i klassisk og fristil.

Testløpet søndag viste at mange er godt i rute og har trent bra i sommar.

 

Trenarane Anniken Hjellbakk Hole og Lars Anders Hoel er godt nøgde så langt.

Det er ein fin og treningsvillig gjeng dei har med å gjere og utøvarane har det kjekt i lag, både når dei trenar og i sosial samanheng.

 

Neste samling er siste helga i august, så det er ikkje mange dagane til gjengen er samla igjen.

Då er Vistdal IL vertar og der skal samlinga avsluttast med motbakkeløpet Stornebba opp. 

 

Fellesbilde av utøvarane saman med trenarane.

 

Mvh styret i Storfjordlangrenn