Hopp til innhold

Storfjordlangrenn på samling

Storfjordlangrenn er i full gang med sesongforberedelsene.

Denne helga har Storfjordlangrenn hatt ei vellukka treningssamling i Tomrefjord.

Av dei 20 utøvarane hadde 17 høve til å delta denne helga.
Det vart gode økter både med og utan rulleski.
 
Samlinga vart avslutta med deltaking i terrengløpet Svartløken Rundt på søndag.
Tre av dei eldste gutane (15-åringar) stilte opp i det 13,4 km lange hovedløpet rundt vatnet, medan
dei øvrige konkurrerte i den 4,5 km lange lysløypa.
 
Trenarane Anniken Hjellbakk Hole og Lars Anders Hoel kan melde om ein fin og treningsvillig gjeng.
Neste samling er i midten av august. Då går ferda til Stryn og anlegget på Ullsheim.
 
Med helsing frå styret i Storfjordlangrenn
Åse G. Vollan
 
Vedlegg:
Fellesbilde av utøvarane saman med trenar Anniken Hjellbakk Hole