Hopp til innhold

Kretslaget Langrenn 2015-16.

Invitasjon til Kretslaget Langrenn for kommende sesong (2015-16). Invitasjonen går til både juniorer og seniorløpere. Klikk for informasjon om samlingsplan mm.

Info - Kretslaget

Samlingsplan

 

Her kjem invitasjon til å delta på Møre og Romsdal kretslaget i langrenn for sesongen 2015-2016. Frist er 10. mai for påmelding.

 

Invitasjonen går ut til både junior- og seniorløparar.

 

Vi ber om at klubbane sender vidare invitasjonen til aktuelle utøvarar straks.

 

Vedlagt følgjer informasjon om kretslaget. Det er viktig at alle som melder seg på kretslaget merkar seg dei krav som gjeld for ein kretslagsløpar. Sjå vedlagt infoskriv. Vedlagt ligg også samlingsplan. Ikkje alt heilt spikra, men det meste er klart. Første samling er i Stordal 29.-30 mai og neste samling på Sognefjellet 17.-20. juni.

 

-    Kostnaden for å delta er kr.12.000,- (6.000,- på utøvar og 6.000,- på klubb).

 

-    Utøvar får då dekka samlingar, overtrekkskle, trikot og enkelte fritidsklede.

 

-    Samlingane må prioriterast framfor andre aktivitetar

  

-    Etter at samlingssesongen er starta opp, vil det ikkje bli refundert eigenandel for manglande deltaking på ei eller fleire samlingar.

 

-    Inntektene til kretslaget er basert på eigenandel og sponsorstøtte. Foreldre må rekna med å delta med dugnadshjelp på ei samling.


-    Vår hovudsponsor er Sparebanken Møre. Våre andre sponsorar siste året har vore Tafjord kraft, VARD, Sport1 Tomra og Stranda VGS.

 

-    Påmelding til Pål på e-post: paov@stranda.kommune.no  eller mobiltlf.: 45667740   innan 10. mai. Då må også påmelding til Sognefjellssamlinga skje slik at vi kan justere bestillinga her.

  

 

mvh Pål Bjørn Øvrebust, trenar