Hopp til innhold

God aktivitet i Storfjordlangrenn.

Storfjordlangrenn er eit viktig supplement for distriktet sine ivrigaste langrennsløparar i alderen 13-15 år.

Klubbane gjer godt arbeid kvar for seg, men i Storfjordlangrenn får dei trent og utvikla seg i eit større fellesskap med godt kvalifiserte trenarar. Vi ser klart at dette inspirerer, og hevar nivået på utøvarane. Også i år har det vore god aktivitet i sesongoppkøyringa. Det er eit mål å motivere desse ungdommane til å fortsetje med idretten sin og bidra til at dei vel å satse vidare med kretslaget seinare.

Storfjordlangrenn er avhengig av gode samarbeidspartnarar og er takksame til sponsorar som støtter opp økonomisk. Styret er glade for at langrenn er ein populær idrett og får god dekning i media.

Dette gode samarbeidet mellom klubbane på sørsida av Romsdalsfjorden engasjerer dette året19 utøvarar frå 8 ulike klubbar. Kjønnsfordelinga er god med 10 jenter og 9 gutar. Gjennom det siste halve året  er det gjennomført seks treningssamlingar, dei to siste på snø – høvesvis på Dombås og på Bjorli. I helga har mange vore i aktivitet og delteke i åpningsrennet på Bjorli .

 

Det er gode trenarkrefter i Storfjordlangrenn. Også denne sesongen samarbeider Anniken Hjellbakk Hole og Lars Anders Hoel om trenaroppdraget. Dei syter for eit bra sportsleg opplegg og følgjer opp løparane gjennom heile sesongen. Dei er også gode miljøskaparar sosialt!

Ambisjonar og mål

Utøvarane har langrenn som prioritert fritidsaktivitet og legg ned mykje treningsarbeid. Dei ser no fram til neste renn og håper på godt med snø i løypene. I tillegg til deltaking i kretsrenn her i distriktet, har mange av utøvarane denne vinteren både Midtnorsk Meisterskap i Surnadal, Ungdommens Holmenkollrenn i Oslo og  Ungdomsbirken på Lillehammer i sin konkurranseplan. Men ikkje minst er kanskje hovudlandsrennet (for 15- og 16-åringane) eit stort mål. I 2016 vert dette arrangert i Fauske.  Kvar enkelt utøvar har sett opp si eiga personlege plan for sesongen der dei har graderte dei ulike renna ut frå kor viktige dei synest dei er. Etter kvart skal dei evaluere seg sjølv og kommentere eigen innsats. Det blir spanande å følgje med og vi håper det blir gode opplevingar!

 

Bilde under:

God stemning når trenar Lars Anders Hoel står på hovudet for jentene i Storfjordlangrenn.

 

Bilde web-siden:

Her er dei fleste i Storfjordlangrenn-troppen samla til fellesbilde under Bjorlisamlinga i byrjinga av desember.