Hopp til innhold

Jubileumspokalen 2016

Hordaland skikrets delte i helga ut jubileumspokalar til Emma Skjoldli frå Bulken og Susanne Bjorøy Myking Voss alpin. Det var velfortent heider til begge utøvarane som satsar hardt på idretten sin og er gode rollemodellar.

Jubileumspokalane gjekk i år til Susanne Bjorøy Myking frå Voss alpin og Emma Skjoldli Bulken il.

Medan Susanne var på sommarskisenteret i Jondal for trening, så fekk Emma mulighet til å kome innom på Haustcampen og ta i mot sin pokal. Begge utøvarene er juniorar og går på kvar sitt skigymnas.

Susanne har satsa på alpintsporten og vore langsiktig og tolmodig i sitt arbeid. Ho har i oppveksten hatt eit lite miljø og trent mykje på eigenhand. Nå går ho på skigymnaset på Voss. I alpintmiljøet vert ho omtala som ein positiv utøvar som er ein glede å jobbe med. Ho bidreg på ein positiv måte både mot trening og haldningar til trening og mot sine lagkameratar som ein viktig sosial bidragsyter. Dette er bakgrunnen for at Susanne Bjorøy Myking får ein fortent jubileumspokal for 2016!

Emma har vore ein god langrennsløpar i mange år, og har gjort det godt i landsmeisterskap som hovudlandsrenn og nasjonale juniormeisterskap. Det er allikevel hennes ynskje om å stadig bli betre, hennes målbevissthet og haldningar som gjev ho denne prisen. Emma har deltatt på klubbens og skikretsens samlingar og tatt sportslege steg i lag med sine skiveninner. I satsinga til Emma, så har ho valt å gå på skigymnas på Geilo. Dette har bidratt til at ho stadig vert betre og er blant landets beste i sin årsklasse. Me gratulerer med velfortent jubileumspokal for 2016!

Susanne (tv) var på Folgefonna når pokalen vart delt ut, og sendte ei gledeleg biletehelsing. Emma (th) fekk helst på deltakarane på haustcampen 2016.