Hopp til innhold

Haustcamp 2016

Set av helga 16. - 18. september. Treningssamling på Bømoen-Voss, for aldersgruppa 2001 - 2005 i alle skigreiner. Leiar- og foreldrekurs også i år.

HAUSTCAMPEN 2016
Den årlege storsamlinga til skikretsen vert i år frå 16.-18. september.
Alle utøvarar er velkomne, uansett kva skigrein ein er aktiv i. Det vert varierte og utfordrande treningsøkter. Nokre økter vert felles for alle og nokre vert greinspesifikke. Det vil vere trenerar frå både skigymnaset på Voss og dyktige instruktørar frå særidrettane.


Deltaking på haustcampen kostar 1500,- Det inkluderar overnatting, mat, treninsøkter og deltakarpremie til alle. 


Nytt av året er at me ynskjer at foreldre tek på seg oppdrag i samband med campen. Det gjeld td nattevakt, hjelpetrenar og oppfølging i campen som både kontaktperson, omsorgsperson og med kioskdrift.  

Påmelding haustcampen 2016

BETALING
For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1500,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp" +namn.

Ta med liste!

Program haustcampen 2016

 LEIAR- OG FORELDREKURS
Også i år tilbyr me kurs til interesserte i samband med haustcampen.

Tema på seminaret for foreldre og leiarar på Haustcampen laurdag 17. september vert hovudsakleg om arrangement. Seminaret vert lagt opp slik at det vert rom for diskusjonar, spørsmål og utveksling av erfaringar. I tillegg vert det presentasjon av skiforbundets nye SUM modell og utviklingstrappa.

Tidsplan seminar:
12-1245: SUM modellen, SPD og utviklingstrappa NSF
13-1345: Arrangement og frivillighet(kristin Lemme YOG)
14-1445: Arrangement langrenn(Per Nymoen NSF)
15-1545: Godt klubbarbeid(Per Nymoen NSF)

Sum: er den nye utviklingsmodellen skiforbundet vil nytte. Der er utøvaren i sentrum. Den seier noko om kva me skal prioritere på ulike aldersnivå.                                                    

Spd: Det er skiforbundet si hovudretning dei neste 4 år, som er rettesnor for krets og klubb.

Yog er ungdoms OL.

Seminaret føregår inne på Bømoen på befalsmessa. Det vil koste 200,- og det vert lett servering. Frist for påmelding er: 13. september.

Påmelding seminar haustcamp 17. september