Hopp til innhold

Trenerkurs i langrenn

23. - 25. september vert det trener I kurs i langrenn. Det vert arrangert i Bergen, med utgangspunkt i Brann stadion. På denne helga vert det fokusert på barmarksdelen av trenerkurset. Til vinteren vil det vere ein dag med skiaktivetet som ein del av kurset.

Kurset vil vere åpent for alle og vil passe best for dei som trener dei yngre årsklassane. Trener I kurset er det grunnleggande kurset som er starten på skiforbundet si trenerløype. Har du lyst på påfyll i trenerkvardagen, eller ynskjer å ta vidare trenerutdanning gjennom skiforbundets trenerløype, så er dette rette kurset for deg.

Kurset vil koste 1500,-  og klubbane/deltakarane vert fakturert i ettertid.

Informasjon og timeplan for kurset kjem per mail og på heimesida. Du kan melde deg på nå ved å følgje link(der står det også kva kurset vil innehalde).

Påmelding trener I kurs langrenn 23-25 september