Hopp til innhold

Invitasjon til langrennssamling på Stord

Sjå programmet og meld dykk på kretssamlinga i langrenn for 2001-2004 på Stord.

Samlinga startar fredag 2. september og varer til søndag 4. september. Det heile vert avslutta med rulleskirenn i Prestegardsskogen.  Det er forøvrig opent for alle klassar.

Samlinga kostar 900,- Arrangøren ordnar transport til og frå Sandvikvåg for dei som ikkje har skyss. Hentetida Sandvikvåg er 1645. Ev ekstra behov tar de kontakt med arrangøren om.  Me oppfordrar spesielt foreldre til å kome på rulleskirennet på søndag.    

Program og tidsplan langrennssamling stord 16

Frist for påmelding er søndag 28. august.

Påmelding kretssamling Stord 16