Hopp til innhold

Også i år var det Bjørnar Neteland som tek i mot prisen "årets utøvar" - Hordaland skikrets. Prisen vart overlevert på ein liten heimevisitt i Bergen i samband med landslagssamling i Jondal.

Årets utøvar 2016

Bjørnar Neteland frå Fana alpin vann også i år prisen for årets utøvar. Det var fleire gode kandidatar til årets pris, men Bjørnars sesong stod fram blant dei andre. Med siger i europacupen samanlagt og plass på det norske verdscuplaget i alpint, så vart det nok ein fortent pris til den framifrå alpinisten frå Bergen.

Når Hordaland skikrets får overlevert den velfortente premien er Bjørnar heime hos foreldra. Ei samling med landslaget i Jondal, som vart avslutta dagen før, gjorde at han fekk tid til eit  lite heimebesøk. Det vert det ikkje mykje tid til framover. Det vert mykje samlingar med verdscuplaget og lange reiser utover hausten, med blant anna samling i Chile.

Fjorårets sesong gav samanlagtsiger i den tøffe Europacupen. Det gav friplass til komande vinters Verdscuprenn. At prestasjonane vart verdsatt gav uttaket av landslag preg av. Bjørnar vart tatt ut på verdscuplaget for komande sesong. At uttaket skjer i ein periode det aldri har vore fleire internasjonale toppalpinistar frå Noreg, gjer prestasjonen enda meir imponerande.

For sesongen som kjem, så ynskjer Bjørnar å fokusere på super-g og  storslalom. Det er her han ynskjer å nytte friplassen i verdscupen først og fremst. Det vil også verte enkelte renn i dei andre disiplinane og renn i europacupen om det passar inn i rennprogrammet.

Allereie i slutten av oktober startar verdscupen i Sølden. Deretter vert det renn i USA og Canada.

Me i Hordaland skikrets gledar oss til å følge deg i sesongen som kjem og gratulerer med velfortent pris!