Hopp til innhold

Vårmøte i skikretsen

På Hordaland skikrets sitt vårmøte gjennomførte langrenn og hopp-kombinert sine fagmøter. Det vart delt ut heidersprisar for langrenn og nye medlem i styret og komiteane vart valt.

Hordaland skikrets gjennomførte vårmøte på Voss i helga. Der vart både styret og komiteane oppdaterte med nye medlem. Medlemma av styret og komiteane som gjekk ut på årets vårmøte fekk ein vel fortent takk for innsatsen i Hordaland skikrets i perioden som har vore.

Sjå link til nye styret og komiteane.

Styret Hordaland skikrets

Langrennskomiteen Hordaland skikrets

Alpintkomiteen Hordaland skikrets

Hopp- og  kombinertkomiteen Hordaland skikrets

Freestylekomiteen Hordaland skikrets

Heiderspris på fagmøte til langrenn vart det også. Dei to rutinerte skismørjarane og eldsjelene i Osterøy il  Bernt Johan Flæsland og Øyvind Åsheim fekk pris på langrenn sitt fagmøte for sitt arbeid i Hordaland skikrets. I tillegg til å vere pådrivarar gjennom mange år på Osterøy, så har dei vore særs viktige for skikretsen sitt støtteapparat rundt nasjonale renn og meisterskap. Dei har vore sentrale som både skismørjarar og leiarar for alle klubbane i Hordaland som sender utøvarar på nasjonale renn. Dei har bidratt meir for langrennssporten i Hordaland enn dei sjølve veit. Det er difor ekstra kjekt å heidre slike førebileter med vel fortent oppmerksomhet. Om det er nokon som er bekymra for at dei ikkje vil møte opp att neste år på bakgrunn av prisen, så treng dei ikkje å uroa seg. Dei har lova eit år til!

Heidersprisvinnarane på langrenn sitt fagmøte i midten med Øyvind Åsheim og Bernt Johan Flæsland. Til venstre leiar i skikretsen Ida Sætersdal og til høgre Bernt Rusten i adm i skikretsen.