Hopp til innhold

Isklar sumarcamp 2016

Isklar sumarcamp i Jondal vert 29. juni til 2. juli. Chris Jespersen og Tore Bjørseth Berdal vert med som trenarar. Påmeldingsfrist søndag 12. juni!

Innkvartering vert på Hardangerakademiet. Her er det både overnatting og matservering. Dette ligg ved sentrum og rett på sida av Idrettsplassen og skulen.

Blant dei dyktige instruktørane me skal ha med, har me også to profesjonelle løparar på høgste nivå. Dette er:

Tore Bjørseth Berdal er ein erfaren og allsidig skiløpar som nå satsar på langløp. Han har fleire toppplasseringar frå Visma ski classics som er verdscupen i langløp. I årets Marcialonga vart han bla nummer 4. Han har også 2. plass frå Kønig Ludvig lauf frå i fjor. Han vil lære vekk nokre triks og tips om både pigging og utholdenhet.

Chris Jespersen er ein lokal skiløpar frå Skånevik i Sunnhordland. Han representerer framleis IL Korlevoll-Odda, men er busett i Trondheim. Han har vore på det norske elitelandslaget fram til i år. Før dette var han på Team united bakeries. Han er god i både friteknikk og klassisk og beherskar det meste innanfor langrenn. Han har 2. plass frå Tour de ski samanlagt, som vitnar om allsidigheten. Han har fleire pallplasseringar i verdscupen i individuelle renn. I tillegg har han ein 6. plass frå 15 km klassisk i OL i Sotsji. Han vil lære vekk litt om dei ulike teknikkane og tips om trening.

 I tillegg kjem dyktige trenarar frå Osterøy og Stord til å vere med på heile samlinga. 

Program og "ta med liste" er vedlagt. I tillegg er det påmeldingslink som ligg åpen. Det er begrensing på 60 personar, så først til mølla gjeld! Frist 12. juni.

Prisen på samlinga vert 2850,- som inkluderer overnatting og full pensjon, transport/heiskort til breen og ski- og treningsøkter med topp instruktørar.

Betaling gjer de til konto: 3480.16.04775 Merk med namn på deltakar. Frist 28. juni. 

Program sumarcamp 2016

påmelding sumarcamp jondal 2016

Ting å ta med:

PS! De får sekk og thermos, så det treng de ikkje ta med.

- Ski for klassisk og skøyting

- Rulleski for skøyting.

- Hjelm

- Vindtette gode fjellklede.

- Barmarksstavar.

- Skibekledning.

- Skihansker, lue og varmt undertøy

- Ullgenser eller lett boblejakke.

- Skismurning

- Hjelm

- Refleksvest

SAMARBEIDSPARTNARAR: