Hopp til innhold

2xNM sølv i alpint og langrenn

Det var ei sterk avslutning på NM sesongen for langrennsløparen Sjur Røthe og alpinisten Bjørnar Neteland.

Her susar Bjørnar ned til sølv i storslalom under NM i Oppdal.

Medan langrennsløparane hadde sitt NM del II på Beitostølen, så avslutta alpinistane sesongen med sitt senior NM i Oppdal.

Sjur Røthe som også fekk medalje på duathlondistansen tidligare i år, avslutta med individuelt 5 mils sølv. Berre slegen av verdens suverent beste skiløpar Martin Johnsrud Sundby. Sjølv om ikkje formen har vore like stabil i år, så viser Sjur at han alltid kan reknast med i toppen på langrenn.

Bjørnar Neteland fortsett også å imponere. Etter å ha sikra seg fast plass i Verdenscupen for neste år, gjennom siger i europacupen samanlagt, så nærmar han seg nå ein plass på verdenscup-treningsgruppa til skiforbundet. På NM i Oppdal, så sikra han seg  sølv i storslalom, berre slått av Aleksander Aamodt Kilde. På super-g vart det bronse. Blir spennande å følge med på kva mulighetar Bjørnar får neste år, med tanke på treningsgruppe og deltakelse i verdenscupen.

Hordaland skikrets gratulerer begge med super NM innsats!