Hopp til innhold

Ein strålande vinterdag var ramma. Arrangementet gjekk knirkefritt.

Resultat Vestlandske skistemna og finale i kretscupen

I helga var det finale i årets kretscup. Det var jaktstart i Vestlandske skistemna som stod på programmet. Sjå resultat, bilete og samanlagtliste for kretscupen.

Det var ei flott langrennshelg på Voss når årets utgåve av Vestlandske skistemna vart arrangert. Over 260 var med å konkurrerte. Deltakinga var frå heile fylket og dei vart ynskt velkomne med dei  flottaste skiforholda i det beste veret. Takk til Voss il for flott arrangement.

Resultat vestlandske skistemna 2016

Dette rennet markerte også finalen i kretscupen for sesongen. Mange deltakarar har plukka poeng og korleis poengstillinga vart til slutt ser du under.

Kretscupen hordaland 2015/16 - sluttstilling

Etter rennets premieutdeling var det tid for utdeling av kretscup pokalar frå Hordaland skikrets. Bileta under er frå utdeling av kretscuppokalane.