Hopp til innhold

Karoline Simpson-Larsen hadde eit godt meisterskap. Biletet er frå fredagens klassiskdistanse som endte med ein 10. plass. På laurdagen vart det enda betre med 7. plass.

Junior NM i langrenn

Det var 30 utøvarar frå Hordaland som reiste til Hamar for å konkurrere med dei beste i landet, når junior NM vart arrangert i langrenn.

Det var ein stor tropp frå Hordaland som busette seg på Myklagard, når NM for junior skulle arrangerast på Hamar i helga. Det var fleire som gjorde gode løp. Konkurransane bestod av to individuelle distansar i klassisk og friteknikk, før det vart avslutta med kretsvise stafettar på søndagen.

Av resultat frå Hordaland, så var det Emma Skjoldli i j17 år frå Bulken, som imponerte mest. Det vart ein 6. plass på Bulkenløparen på fredagens klassisk. Laurdagen auka ho farten enda meir og endte opp med sølv på 5 km friteknikk. Sjå Reportasje i Avisa Hordaland.

Karoline Simpson-Larsen, som konkurrerer for Vargar, stiller i klassen 19-20 år. Der er ho, som yngste aldersklasse(19 år), i ein tøff klasse. Allikevel så hevda ho seg på resultatlistene. Fredagen vart det 10. plass på klassisk. Laurdagen vart det 7. plass når det stod 5 km friteknikk på programmet.  Også Eivor Vestrheim Skjerven Bulken IL imponerte også på 5 km laurdag. Ho tok ein sterk 8. plass i same klassen.

Blant gutane så var det ikkje så gode resultat som det var på norgescupen på Hovden. Med små marginar og store klassar, så kan ein fort kome eit stykke ned på resultatlistene om ikkje alt klaffar. Allikevel så var det fleire  gode renn gjennom helga, som nok inspirere til å verte enda betre.

Av gode resultater så må me nemne Kasper Rønning Komnæs frå Fana som gjorde eit godt løp på fredagens klassisk og vart nummer 20 i m18. I same klassen fulgte Kristian Skjeldal opp med 26. plass.

Hans Inge Klette frå Viljar vart 34 og Daniel May Instanes frå Fana vart 38. i klassen m19/20, også på fredagens klassisk.

Søndag stilte Hordaland opp med fleire jamne lag på stafetten. Sjå resultata til Hordalandsløparane på arrangørsida.

Bilete av nokre av løparane frå Hordaland som var i aksjon i helga.  

 Resultat nm junior langrenn 2016