Hopp til innhold

Besiktigelse i bakken før super-g konkurransen.

Hordalendingar på Telenorlekene

Det var ein god gjeng med 2002 og 2003 modellar frå Hordaland, som reiste til Meråker for å vere med å konkurrere i telenorlekene alpint. Fleire gjorde det skarpt.

Hordalandsgjengen reiste opp og busatte seg på den svenske sida av grensa, når telenorlekene vart arrangert i Meråker. Nærare bestemt Storlien høgfjellshotell. Konkurransane var i 3 dagar og bestod av super-g på fredag, storslalom på laurdag og slalom på søndag.

Gjengen frå Hordaland viste at dei er mange som kan køyre fort samanlikna med konkurrentane frå andre skikretsar. Det viser resultatlista som har forskjellige Hordalandsnamn høgt oppe på lista i dei ulike displinane.

På fredagens super-g var det Holger Seterås Stinessen frå Fana som utmerka seg med sin 6. plass blant gutane. Celina Schicht frå Voss gjorde det bra med sin 22. plass i jenteklassen.   

Laurdagens storslalom viste at William Mjelde er god på å svinge. 18 plass vart det på fanaløparen. Her gjorde Celina det enda betre enn fredag og fekk ein flott 20. plass.

Søndagen var det slalom. Der var det fleire gutar frå Hordaland som fulgt tett på kvarandre høgt oppe på resultatlista. Holger Seterås Stinnessen med sin 17. plass, Henrik Bjorøy Myking(Voss il) med sin 18. plass og Sebastian Sandal(Fana il) med sin 20. plass, imponerte med sterk laginnsats.

Alt i alt så var dette ein veldig kjekk erfaring for dei unge hordalandsalpinistane. Nye erfaringar og vissheten om at det er lagkamerater eller venniner som er høgt oppe på resultatlistene nasjonalt er motiverande i fortsettinga. Sjå øvrige hordalandsløparar på resultatlinken.

Spente foreldre og leiarar speidar opp i bakken under årets telenorleker.

Resultater telenorlekene 2016

Holger Seterås Stinnessen frå Fana alpint imponerte med sin 6. plass. Her er han i aksjon i Myrkdalen tidlegare i vinter.

Ps! Verdt å nemne at han også låg topp 3 på storslalom i årets telenorleker, men det er jo som kjent to omgangar som tel. Neste gang vert det nok to tellande:)