Hopp til innhold

Mari Fareth Aas frå Voss gjorde eit godt løp under Hovudlandsrennet. Blant J15 vart ho nummer 8 på 5 km klassisk.

Hordalendingar på Hovudlandsrenn

Det var ein god gjeng med løparar og leiarar som reiste til Fauske og konkurrerte i årets Hovudlandsrenn. Ein kjekk tur med flotte prestasjonar var fasiten etter helga.

Det var over 25 løparar frå Hordaland som reiste til Fauske i helga. Årets hovudlandsrenn føregjekk i løypene på Klungsetmarka. Gjengen frå Hordaland fekk også fulgt med på den landskjende saltstraumen. dette sidan dei budde på Saltstraumen hotell.

Konkurransane på årets hovudlandsrenn besto av distanserenn i klassisk på fredag, sprint friteknikk på laurdag og stafettar på søndag.

På fredagens distanse i klassisk så var det spesielt  15 åringane Mari Fareth Aas frå Voss og Jonathan Gjerstad Skjerping frå Osterøy som imponerte mest. Mens Mari slo til med ein 8. plass, så vart Jonathan 23 i sin klasse. Med så store klassar med konkurrentar så er dette flotte resultat.

Fredagens sprint var nok ein imponerande dag for Jonathan. Han vart nummer 5 i prologen og difor vidare i finalane. Der endte han på ein 16 plass. Olve Ure frå Voss il, imponerte også på sprinten. Etter ein 17. plass i prologen, så var han klar for finalane. I kvartfinalen var han sterk, men uheldig som fekk staven knekt.  Uten Terje Bogen, eller andre heltar til stades, så måtte han gje tapt i kvartfinalen og gå inn til mål utan å kome til semifinalane. Der hadde han nok vore om ikkje uhellet var ute.

Søndagen var det stafettar og Hordalandslaga fekk prøvd seg mot verkeleg gode lag. Dette var ei inspirerande helg og ei helg som gav motivasjon for å klatre meir på resultatlistene på nasjonale renn ved neste høve.  Sjå linken med resultat for å sjå korleis utøvarane våre gjorde det.
Resultat Hovudlandsrennet 2016

Både utøvarane og foreldre hadde ei flott helg på Fauske. Skikkeleg godt lagarbeid, gode skirenn, humor i smørebua, bading i snø og basseng og flotte landskap i nord, var nokre av tilbakemelingane.

Under er nokre bilete frå helga. Heltar i smørebua(som også representerer "humor i smørebua") og glade gutar og jenter, som var på skirenn i nord.