Hopp til innhold

Fjorårets vinnar av årets utøvar Hordaland skikrets 2015, fortset framgangen i sesongen 2016.

Bjørnar Neteland vann E-cupen samanlagt

Etter fantastisk innsats i siste rennhelga for sesongen sikra Bjørnar Neteland, Fana il, samanlagtsigeren i europacupen. Dette gjev verdscupstartar neste sesong.

Med sine 712 poeng totalt, så var det med knappast muleg margin at Bjørnar tok heim den totale sigeren. Bjørnar var avhengig av å levere opp mot det beste han før hadde gjort i slalom for å få nok poeng til å vinne. Dette gjorde han med sin 15. plass i det avlsluttande rennet. Det var akkurat nok til å hente inn dei 14 poenga han låg bak leiaren.

Resultat samanlagt europacup 2016

Årets utøvar i Hordaland skikrets for sesongen 2015, stoppa altså ikkje framgangen i 2016. Nå er han sikra verdscupstartar med frikort som vinnar av den viktige e-cupen, som er rekrutteringsarenaen til verdscuprenna.

Hordaland skikrets gratulerer!