Hopp til innhold

Spente gutar på veg ut frå start under laurdagens Fanarenn.

Sjå resultat og bilete frå Fana og Vikingrennet

Det var god deltaking på helgas fana- og vikingrenn. Begge renna gjekk på Voss ski- og tursenter.

Laurdagens fanarenn i klassisk stil vart gjennomført i snødrev, men skjerma frå "Tor" sine framstøt. Det var nok nokre som var litt skeptiske til å reise med tanke på vermeldingane, men 180 stykk gjennomførte under jamne forhold.

resultat fanarennet 2016

Sjå reportasje frå helgas renn på fana il si heimeside.

Søndagen var det Viking som inviterte til det årlege vikingrennet. Her var det over 270 som stilte til start.

Resultat og bilete vikingrennet 2016