Hopp til innhold

NM sølv til Sjur Røthe

Torsdagens gode innsats i NM på ski i Tromsø vart fulgt opp laurdag, med Sjur Røthe frå Voss si sølvmedalje, samt fleire toppresultat frå TVV. På søndagens stafett viste Viking TIF seg fram!

Laurdag gjekk Sjur Røthe inn ei ny NM medalje til Vossabygda og Voss il. Sjur, som i år har vore stabil med i toppen i WC, prega teten også under 30 km duathlon på NM. Han var stadig i teten og nær ved å få ei tellande luke undervegs. Til slutt enda vossingen opp med sølvmedalje bak Strindheims Petter Northug. Løparane frå TVV, som imponerte på torsdagens klassiskdistanse, fulgte opp med like imponerande resultat på laurdagen. Vebjørn Turtveit Voss il, vart 13 og Gaute Kvåle Røldal il, vart 14. For Ulvik gjekk sprintaren Torjus Børsheim duathlonkonkurransen på ein svært god måte. Han enda på ein 25. plass. Sjå artikkel om vossaløparane sine renn i Avisa Hordaland.

Søndagen var det stafettkonkurransar. Her kunne nok både Voss il og il Korlevoll- Odda hatt svært gode lag, om alle hadde vore friske og raske. Dette var ikkje tilfelle for nokon av laga, så her må ein glede seg til neste år. I fråfallet av desse laga, så skulle ein kanskje tru at det vart lite hordalandslag i toppen. Det var ikkje det Viking Tif sitt lag hadde tenkt. Dei stilte til start med 3 topp motiverte og dyktige skiløparar. Einar Flaktveit Moxnes, Eirik Finne og Sturla Lie gjorde kvar sine topp etappar. Og når fleire av laga valde å skøyte på deler av sine klassisketappar, med tidsstraff som konsekvensen for desse, så vart dette ein historisk NM prestasjon i Bergensk langrennshistorie. 9. plass er NM rekord for lag i frå Bergen. Sjå sak om Viking sin stafettbragd i BT. 

Sjå resultat frå årets NM del I konkurransar i Tromsø, med fleire andre Hordalandsløparar til start.

Bilde frå premieutdelinga. I midten finn ein tre glade Vikingkarar etter 9. plass på søndagens stafett.