Hopp til innhold

Frå løypene under Norgescup på Hovden.

Juniorane på norgescup i langrenn

I helga var det NC på Hovden. Der gjorde løparane frå Hordaland det skarpt i selskap med dei beste juniorane i landet. Det var heile 860 deltakarar med på konkurransane denne helga.


Det var ein stor tropp frå Hordaland, som reiste til Hovden for å konkurrere i Bendit Norgescup. Heile 37 løparar var med. Gode reiseleiarar, trenarar og smørjarar gjorde det til ei flott helg for deltakarane i frå Hordaland.

Laurdagen var det sprint i friteknikk på programmet. Blant mange gode prestasjonar, så må me nemne spesielt dei yngste jentene her. Der var det 3 stk som kom blant dei 11 beste. Emma Skjoldli og Eivor Vestrheim Skjerven frå Bulken vart henholdsvis 7 og 8.  Anniken Ravnå frå Viking fulgte opp med sin 11. plass.
Sidan det var kaldt og begrensa med tid på dagen, så vart det ikkje meir enn 18 stk som kom vidare til finalane blant jentene. Dette var synd for Tuva Bull Hjeltnes med sin flotte 20. plass og 19/20 åringane Anna Lussand Selheim sin 22. plass og Karoline Simpson- Larsen sin 26 plass, som ikkje fekk gått finalane denne gang.  

Gutane i m 18 imponerte også med 13. plass til Kasper Rønning Komnæs frå Fana il og Kristian Skjeldal frå Bulken med sin 22. plass. Her var også Skjalg Espeland frå Jondal il svært nære å gå vidare til finalane med ein god 32. plass.

Resultat sprint friteknikk fredag NC Hovden

 Laurdag var det distanserenn i klassisk på programmet. Her var det fleire som imponerte med sine beste plasseringar i norgescupsamanheng. Blandt dei yngste jentene, så var det Emma Skjoldli som slo til med pallplass for Hordaland. Ho gjekk seg inn til ein tredjeplass på distansen. Klubbveninna frå Bulken il, Eivor Vestrheim Skjerven, gjorde også eit godt løp med sin 18. plass. Karoline Simpson-Larsen i den eldste jenteklassen vart nummer 17.

Gutane imponerte også denne dagen. Nye løparar plasserte seg høgt oppe på resultatlista. I 18 års klassa var Kristian Skjeldal sprek. Han persa med 12. plass i nasjonal samanheng. Kasper Rønning Komnæs frå Fana il imponerte også med sin 16 plass. I den eldste guteklassen var det førsteårs eldre junioren Hans Inge Klette frå Viljar, som slo til med ein 18. plass. Det var sjette beste tid blandt 19 åringane. Daniel May Instanes frå Fana, gjorde også eit supert løp med sin 23. plass. Erling Fagerbakke Fosse, som nå er i ferd med kome tilbake for fullt, fekk ein god 31. plass.

Fleire nemnt, men mange gode hordalendingar på lista. Sjå resultatlinkane for fleire. 

Resultat distanse klassisk laurdag nc hovden

 Emma Skjoldli på laurdagens klassisk, som endte med ein flott 3. plass!

Oddvar tok mange fine bilete i helga. Sjå biletlink.