Hopp til innhold

Km helg i langrenn

I helga var det kretsmeisterskap i klassisk distanse og stafett. Arrangørane Viljar il og Voss il laga ei flott langrennshelg i Voss ski- og tursenter.

Laurdagen var det over 250 som deltok på Viljar sitt kretsmeisterskap i klassisk langrenn. Raskaste løpar på 10 km var Team Veidekke Vests Vebjørn Turtveit frå Voss il. Blant damene var det junioren Emma Skjoldli frå Bulken il, som hadde raskaste tid på 5 km. 
Resultat km viljarrennet 2016  

Søndagen var det kretsmeisterskap i stafett. Voss il arrangerte parkstafetten der 83 lag fullførde konkurransen. Il Fana sitt herrelag i juniorklassen og Il Bulken sitt juniorlag var raskaste lag i lengste løypa.
Resultat km stafett parkstafetten 2016