Hopp til innhold

Nils Magnus Bøen Grave vart sittande i "leiarstolen" under Nm på ski. Til slutt enda Oddingen opp med 9. plass!

Hordalandsløparar i NM på ski

I helga er det NM på ski for seniorane i langrenn. Meisterskapen føregår i Tromsø. På opningsdistansen torsdag, hadde Hordaland 3 løparar blant dei 18 beste.

Det vart overraskande sterke plasseringar på våre "nest beste" Hordalandsløparar, når Chris Jespersen og Sjur Røthe ikkje starta.

Nils Magnus Bøen Grave frå IL Korlevoll-Odda vart 9, Gaute Kvåle frå Røldal il vart 17. og Vebjørn Turtveit frå Voss il vart 18. Alle 3 løparane representerer satsingslaget Team Veidekke Vest, leia av den dyktige Ølensbuen Frank Heggebø(tidligare Hordaland fylke).

I vente på at både Chris og Sjur skal kome til start og vise seg fram, så treng me foreløpig ikkje bekymre oss for rekrutteringa av nye toppløparar frå Hordaland.

Hordaland skikrets ynskjer alle våre løparar lykke til vidare med meisterskapen. For dei for dei som ikkje er i Tromsø, så er det berre å benke seg med NRK i helga og følge med!