Hopp til innhold

Haustcampen 2015

Set av helga 18. - 20. september. Treningssamling på Bømoen-Voss, for aldersgruppa 2000 - 2004 i alle skigreiner. Leiar- og foreldrekurs laurdag og søndag.

HAUSTCAMPEN 2015
Den årlege storsamlinga til skikretsen vert i år frå 18.-20. september.
Alle utøvarar er velkomne, uansett kva skigrein ein er aktiv i. Det vert varierte og utfordrande treningsøkter. Nokre økter vert felles for alle og nokre vert greinspesifikke. Det vil vere trenerar frå både skigymnaset på Voss og dyktige instruktørar frå særidrettane.
Deltaking på haustcampen kostar 1500,- Det inkluderar overnatting, mat, trening og t-skjorte til alle.

Hovudprogram haustcampen 2015

Hugseliste - Ting å ta med

Påmelding haustcamp 2015

LEIAR- OG FORELDREKURS
Også i år tilbyr me kurs til interesserte i samband med haustcampen.
Laurdag 10.00 - 18.00: TD kurs i alpint. Lars Tennebekk, vår region td og tidlegare leiar av skikretsen held dette kurset for alpintmiljøet i skikretsen. Påmelding gjer de på lenka under.

Søndag 
vert det foreldre/leiarkurs. Timeplanen vert:
10.30 - 12.00: Korleis gjere barnetrening gøy. Med Sigurd Larsen og Kjersti Simpson-Larsen.  Dette passar fint for leiarar/foreldre i alle skigreinene.
12.00 - 13.00: Kvifor sekundering? Moderne hjelpemiddel til sekundering. Med Jarle Ure og Tore Tveito.

Litt om føredragshaldarane:

Kjersti og Sigurd i farta.
Begge har brei idrettsfagleg utdanning og erfaring frå eit breidt spekter av aktivitetar.  Arbeidsstaden til begge har i mange år vore Numedal folkehøgskule. Aktivitet og aktivitetsglede er vektlagt!

Jarle Ure har vore høgskulelektor på Norges idrettshøgkole, og er nå langrennstrenar på Voss gymnas. Han har lang erfaring som trenar og lærar på ulike nivå. Tore Tveito har høgste trenarutdanning i langrenn i Norge. Han er trenar på fritida, og følger der opp Vossalangrenn sine utøvarar.

Kursa vil koste 300,- per dag. Dette betalar ein inn på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "leiarkurs"+ namn eller klubb om fleire på ei betaling.

Påmelding leiar- og foreldrekurs

BETALING
For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1500,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp" +namn.