Hopp til innhold

Frist påmelding til open samling: 21.08

14-20. september blir det felles samling for Team Veidekke Vest og løparar i dei samarbeidande kretsane. Samlinga er open for alle senior-løparar som ønsker å delta.

Med tanke på bestilling av overnatting og for å få eit grovt estimat på antal, treng eg nå ein oversikt over kven som blir med på samlinga:

Send meg følgande info:
Navn/klubb/team
Om du skal ha overnatting eller ikkje

Dei som er med i Team Vossalangrenn/Sirdal SKI og kretsopplegget til Sogn & Fjordane Skikrins blir påmeldt via desse team sine leiarar.

Er det nokon som kun tenker delta på øktene og evt om det er deler av veka du ikkje kan komme – ønsker eg ein oversikt over det også.

Det er muligheter for overnatting både på Scandic hotell og Førde pensjonat (som er eit alternativ der ein ordner seg middag og kveldsmat på eigahand, men får servert frukost, prisen er kr 300 per pers/døgn).

Send info til frank.heggebo@yahoo.no  innen påmeldingsfristen 21/8.

Treningsplan kjem etterkvart, men me kan garantere ei god og utviklande samling med fokus på tradisjonell trening for langrennsløparar. Me håper så mange som mogleg har interesse og moglegheit til å ta turen til Førde denne veka!

Ha ein fin treningsperiode, så sjåast me i Førde!

Helsing,

Frank Heggebø, Hovudtrenar Team Veidekke Vest