Hopp til innhold

Jubileumspokalen 2015

Hordaland skikrets delte i år ut den nye jubileumspokalen. Denne gjekk til to gode kandidatar frå Voss. Prisen går til unge utøvarar som ikkje berre har gode resultat å vise til, men også er gode førebilete. Sjå kven som fekk prisen og kriteria bak denne.

Jubileumspokalen er ein nyoppretta pris som skal verdsette sosialt engasjement og ueigennyttig innsats til skisportens beste, i tillegg til sportslege resultat.

KRITERIAR

  • Den skal delast ut i kvar krets kvart år, ein til kvart kjønn
  • Den skal delast ut til aldersgruppa 17-20 år.
  • Den er uavhengig av grein
  • Ein kan få utdelt prisen kun ein gang
  • Det skal vere en vandrepokal med inngravering
  • Årstall, navn og klubb inngravast på pokalen
  • Den skal vare i 10 år, etter dette gis den tilbake til skikretsen og ny vandrepokal opprettes.
  • I tillegg til å få vandrepokalen får vinnerne en miniatyrpokal til odel og eige.

Kriteriar ein skal vektlegge hos kandidatar som vert tildelt heidersbevisningen:

  • Inkluderande
  • Humørspreiar
  • Deltakande
  • Rette verdiar
  • Fair Play
  • Ambassadør for sporten
  • Stort friviljug engasjement og ueigennyttig innsats for skiidretten
  • Sportslege resultat (lite vekting)


Langrennsløparen Karoline Simpson Larsen frå Vargar er den første kvinnelege vinnaren av Jubileumspokalen for Hordaland skikrets. Karoline får Jubileumspokalen for hennar viktge bidrag i sosiale samanhengar og på fellestreningar. Dette kombinert med hennes gode resultat gjer ho til ein positv ambassadør for langrennsmiljøet på Voss og i skikretsen.

Erling Astrup Sjøtun frå Voss alpin er den første vinnaren av prisen på herresida. Han er eit førebilete på trening og har vist veg for dei yngre. Hans målretta arbeid har ikkje vore ein motsetnad til å ta på seg trenings og veiledningsoppgåver for dei yngre utøvarane i klubb og krets.

Dei to utøvarane frå Voss er altså dei fyrste som tar i mot pokalen, i tillegg til eit gåvekort. Me gledar oss til å fylle opp pokalane med navna til  gode ambassadørar for skisporten i Hordaland i dei komande åra!