Hopp til innhold

Her ser me frå løypene høgt over hardangerfjorden.

Velkomen til sumarcamp i langrenn, Jondal frå 24 - 27 juni

Er du født mellom 2000-2004, så inviterer Hordaland skikrets på langrennscamp i Jondal. Påmeldingsfrist onsdag 17 juni. Sjå program og ta med liste.

Kristen Skjeldal frå Bulken vert ein av trenarane som deler villig på kunnskap. Han har tatt medalje i OL og har lang erfaring som topp utøvar og nå også som trenar. Det vert skitrening i preparerte løyper på breen. I tillegg vil den kjende breføraren Sigurd Sandvold  guide deltakarane på ein bretur i taulenke på Folgefonna med både bresprekker og is. Stian Engevik og Bernt Rusten vert også trenarar, og skal vere med å bidra med skiteknikk og tøff barmarkstrening og moro nede i Jondal

Samlinga vil føregå i Jondal sentrum, med utgangspunkt i skulen. Der vil deltakarane overnatte og starte barmarksøktene.  Me organiserer måltider og transport til treningane frå skulen. Deltakarane vil verta plasserte på jente og guterom på skulen etter alder. Deltakarane tar med liggeunderlag og sovepose.

På denne samlinga det verte:
- Langrenntrening med teknikktips i fristil og klassisk i oppkøyrde langrennsløyper på breen.
- Guida skitur på bre i tau. Turen vert lagt til bresprekker og isfjell.
- Barmarkstrening og anna moro nede i Jondal.
- Alle deltakar får t-skjorte.

Transport:
Skikretsen vil vere behjeplig med transport både frå Voss, Bergen og Sunnhordland om det skulle vere utfordrande å få til. Ta kontakt med bernt.rusten@skiforbundet.no om dette.

PROGRAM OG TA MED LISTE FOR SAMLINGA 

Set av onsdag 24 juni til laurdag 27 juni, for ei kjekk og lærerik treningssamling i langrenn!

Treningssamlinga vil koste 2750,- og  inkluderer overnatting, alle måltider, lokal transport i Jondal og treningsøkter med bla preparerte skiløyper på breen og guida tur på breen.  Informasjon om innbetaling vil kome på mail. Påmelding gjer du under. 

Påmelding sumarcamp langrenn 2015