Hopp til innhold

Bjørnar Neteland med prisen "Årets utøvar 2015 Hordaland skikrets". Bilete er tatt på laksefiske, som er ein av Bjørnars store gleder.

Årets utøvar 2015 - Hordaland skikrets

Årets utøvar i Hordaland skikrets vart Bjørnar Neteland, Fana alpin. Resultata i inneverande sesong har løfta Bjørnar heilt opp på Verdscup nivå i den krevande sporten.

Dei seinaste åra har årets utøvar i Hordaland skikrets gått til medaljevinnarane Sjur Røthe og Mariann Vestbøstad Marthinsen.

Årets vinnar av prisen er alpinist, og best i fart. Han er ein utøvar som har hevda seg i verdseliten med utgangspunkt i Bergen og Fana alpin. Det er lenge sidan me har hatt ein mannleg alpinist frå Hordaland på eit så høgt nivå som Bjørnar Neteland. Han har tatt steg for steg i sin alpintkarriere og har etablert seg på NSF sitt europacuplag.

Han har gjennom 2015 sesongen fått prøvd seg på det høgste nivået i alpintsporten, nemleg verdscupen. Dette gjorde han gjennom gode renn i Europacupen og fis-renn. Farten og prestasjonane har gjennom sesongen berre blitt betre og betre. Dette er svært lovande og spanande  for komande år.

Hordaland skikrets er stolte over å ha slike dyktige utøvarar i skikretsen og gratulerer Bjørnar Neteland, Fana alpin med den vel fortente prisen "Årets utøvar 2015"!

Her er nokre av Bjørnar Neteland sine prestasjonar i 2015:
- 1. plass NM senior storslalom Hemsedal.

- 3. plass NM senior utfor Hemsedal (49 hundredel bak Jansrud)

- 1. plass Europacup i superkombinasjonen Nella Sevea.

28. plass i Verdensupen i super-g Kvitfjell ( tidligare beste plassering var 48 i 2014)

Her ser me Bjørnar Neteland køyre inn til sine første verdscuppoeng, med sin 28 plass i super- g i Kvitfjell. (foto: Fanaposten)